Tysnes Skulekorps
 • Øvingstider    • Nyhende    • Info til føresette    • Om korpset    • Kontaktinformasjon    • Sponsorar    • Bilete     • Gjestebok  

 

 

   Nyhende
           

Snarveier:
 Bli medlem
 Logg inn medlem
 Kontakt oss!
Antall besøk på siden: 133 569

 

 


Vårspretten 2009
 
 
Juniorkorpset i aksjon
 
Juniorkorpset i aksjon

Laurdag 28 mars var det tid for å reisa til Askøy på Vårspretten.Heim att til Tysnes kom stolte juniorar og skulekorpsmusikantar med tre pokalar!

Sjurd og Kristi kunne ikkje vera med for dei skulle i bryllup, men ein sporty Vidar Storesætre steppa inn for Sjurd på horn. Veldig kjekt at brørne Tore og Vidar Hodneland ville vera med oss.
Vêret var kjempefint når me reiste om morgonen, og det var rett på oppvarming for juniorane.
Dei var alle spente og skulle spela to nummer frå Fancy That og Ha det bra.
Ja og bra gjekk det, kjempekjekt å sitja i salen å høyra på.
Etter vel ein times ventetid var det heile korpset sin tur, og det er utruleg kor mykje betre ein blir med litt ekstra øving. Klangen var god, og det såg ut som dei hadde det kjekt på senen.
Catrine spelte flott solo på Sugar Blues.

For desse framføringane blei juniorkorpset nr. 1 i konkurranse med fira andre juniorkorps.
Heile korpset kom på 3. plass, og sist men ikkje minst fekk Catrine solistprisen i 3. divisjon.

Må og nemna ei koseleg stund med pizza på Dolly Dimple. Det var i det heile ein veldig kjekk dag, med ein fin gjeng å reisa på tur med. Dette lovar godt for Danmarksturen.

   

Vårspretten 2009  

Juniorkorpset
Juniorkorpset

Utskriftsvennlig versjon
 

 

 

Copyright © 2008 Tysnes Skulekorps. All rights reserved.