Tysnes Skulekorps
 • Øvingstider    • Nyhende    • Info til føresette    • Om korpset    • Kontaktinformasjon    • Sponsorar    • Bilete     • Gjestebok  

 

 

   Nyhende
           

Snarveier:
 Bli medlem
 Logg inn medlem
 Kontakt oss!
Antall besøk på siden: 130 243

 

 


Karmøy Brass Festival 2008
 
 
 
"Uten mat og drikke, duger helten ikke"
 
Øyvind Nikolaisen instruerer
 
Øyvind Nikolaisen instruerer

Tysnes skulekorps var til Karmøy på Brass Festival helg 19-21 sept. Me visste ikkje heilt kva dette var, men kom heim med mange posetive inntrykk.

Tysnes skulekorps var til Karmøy på Brass Festival helg 19-21 sept.
Me visste ikkje heilt kva dette var, men kom heim med mange posetive inntrykk.

Me budde på Eide skule i eit klasserom, fyrste natta var me 23 stk. og andre natta 25!!
Men det gjekk utruleg bra. Det var nok ein ny erfaring for mange å liggja så mange på eit rom, og på flata golvet.M ange hadde utstyrt seg med nymotens luftmadrasser, mens andre hadde tynne liggeunderlag. Det skulle vera ro kl.2400, og tru det eller ei det vart det.
Dei fleste var nok slitne etter mykje speling.
Musikantane vart delt inn i grupper fordelt på alder. Den størst gruppa var dei som var nye i korpset. Dei var 70 stk, og hadde Jan magne Olsen som hadde ansvaret for, han og medhjelparane hans gjorde ein kjempejobb.
Dei som var litt eldre vart delt i gruppe med bl.a.medlemmer frå Rosendal og Uskedalen.
Der var det Øyvind Nikolaisen som instruerte. Dei tre eldste i korpset hadde Eirik Gjerdevik som instruktør, og fekk nok ei minnerik helg.

Om kveldane var det diskotek, bingo og laurdagskvelden var det Festkonsert med Stangaland Brass, med spilloppmakaren Eirik Gjerdevik som dirigent. Yngve måtte trø til innimelleom.

Søndag ettermiddag var det stor avslutningskonsert,der dei forskjellige gruppene spelte.
Det var utruleg kor mykje dei hadde fått til på berre ei helg.
Heilt til slutt var alle på senen og spelte eit utenattstykkje. Det vart ein flott opplevelse.

Medlemmaner våre har oppført seg heilt supert, me er stolte over å ha så mange fine ungdomar med oss i korpset.
Veldig kjekkt at så mange foreldre var med også.

Dette gjer me gjerne igjen til neste år!!

   

Karmøy Brass Festival 2008  








Karmøy  








Utskriftsvennlig versjon
 

 

 

Copyright © 2008 Tysnes Skulekorps. All rights reserved.